Korttekstar

Her finn du margtekstane frå elevboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Korleis kristendommen byrja

Romarane herska rundt Middelhavet.
Jerusalem var hovudstaden til jødane.
Dei kristne trudde at Jesus var Guds son.

Kristendommen blir ein eigen religion

Mange jødar i Romarriket blei kristne.
Paulus fortalde om Jesus til folk som ikkje var jødar.
Jakob meinte at berre jødar kunne bli kristne.
Paulus heldt fram med å fortelje alle om Jesus.
Romarane øydela tempelet i Jerusalem i år 70.
Sidan blei det vanskelegare å vere jøde.
Kyrkjelyden i Roma blei sentrum for kristendommen.
Ein biskop blei leiar for alle kyrkjelydane i Roma.

Livet til dei kristne

Mange ulike folk blei kristne.
Dei kristne tok vare på kvarandre.
I kyrkjelydane var det mange kvinner.
Somme meinte at kvinnene ikkje skulle bestemme.
I byrjinga fekk ikkje soldatar lov til å bli kristne.
Dei kristne hadde samlinga si på søndag.
Dei delte brød og vin til minne om Jesus.
Dei las i skriftene, bad og song saman.
Minnemåltidet blir kalla nattverd.
Dei samla seg heime hos kristne med god plass.
Dei som blei døypte, kunne få nattverd.
Dei kristne feira påske og pinse.
Sidan byrja dei å feire jul.
Kristne leiarar brukte kvite kjortlar og kapper med vakre broderi.

Kunst i katakombane

I Roma grov dei kristne holer under jorda.
Dei gravla dei døde i desse katakombane.
Målarstykke i katakombane fortel om bibelhistoria.
Det er bilete av Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken.
Her er det også bilete av menneske som et saman.

Forfølgingar

Romarane styrte med hard hand og forfølgde dei kristne.
Keisar Nero sa at dei kristne hadde sett Roma i brann.
Av og til blei dei kristne forfølgde av vanlege folk.
Ein kristen som blei drepen, blei ein martyr.
Keisar Decius ville utrydde kristendommen.
Mange kristne blei drepne.
Dei kristne blei utsette for store forfølgingar.
Men kristendommen var sterk og kunne ikkje utryddast.

Konstantin og statskyrkja

Konstantin blei keisar i Romarriket.
Då fekk alle ha den religionen dei ville.
Konstantin bygde mange flotte kyrkjer.
Han samla dei kristne leiarane i Nikea i 325.
Ein ny keisar fastsette at alle måtte vere kristne.
Kristendommen spreidde seg til heile Europa.

Klosterliv

Ein eremitt er ein einebuar.
Eremittane og asketane levde enkle liv og bad til Gud.
Munkane og nonnene budde i kloster.