Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Islam si første søyle

Muslimar trur at det berre finst ein Gud.
Truvedkjenninga fortel om Gud.
Gud vil at menneska skal følgje viljen hans.
Dei fem søylene er reglar Gud har gitt.
Gud snakka til Muhammed.
Muhammed er den viktigaste profeten.

Bøn, avgift, faste og reisa til Mekka

Fredag er den heilage dagen for muslimane.
Mange muslimar ber fem bønner kvar dag.
Faste rørsler høyrer med til bøna.
Muslimane ber mot Mekka.
Mange muslimar gir pengar til dei fattige.
Ramadan er fastemånaden.
Gud vil at menneska skal faste.
I ramadan fekk Muhammed ein bodskap frå Gud.
Etter fasta er det ein stor fest som heiter id al-fitr.
Mekka er den viktigaste byen i islam.
Mange pilegrimar reiser dit.
I Mekka feirar muslimane ein stor fest som heter id al-adha.

I moskeen

Ein moské er eit bønehus.
Mange ber i moskeen på fredag.
Mange barn går på koranskule der.
I moskeen er det eit eige rom for kvinner.
På golvet i moskeen er det teppe.
Den eine veggen viser retninga mot Mekka.
Veggane kan vere einsfarga eller mønstrete.
Ein imam leier bøna.

Vedlegg