Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Buddha si lære

Siddhartha Gautama er den mest kjende buddhaen.
Då Siddhartha skjønte korleis alt heng saman, blei han ein buddha.
Siddhartha viste korleis menneska skal komme bort frå det som er vondt.
Nirvana er ei slags frelse.
Menneska lever mange liv.
Siddhartha er ikkje den einaste buddhaen.
Buddha er ikkje ein gud.

Tilbeding heime og i tempelet

Den som tilber, kan ofre blomar og røykjelse.
Mange buddhistar har eit alter heime.
Meditasjon er øving i å konsentrere seg.
Meditasjon er viktig i buddhismen.
I templa er det statuar av Buddha.
Munkane bur i templa.
Relikviane ligg i ein stupa.