Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Gudane i hinduismen

I hinduismen er det mange gudar.
Gudane er eigentleg éin Gud.
Somme hinduar tilber Vishnu, andre Shiva.
Shiva er frykteleg sterk.
Sønene hans heiter Ganesha og Murugan.
Gudane har kjenneteikn for at vi skal vite kven det er.

Tilbeding av Gud

I tempelet er det statuar av gudane.
Den som ser ein gud i auga, får kontakt med guden.
I India er templa bygde etter ein bestemt plan.
I Noreg brukar ein ulike rom som tempel.
På alteret står statuar og bilete av gudar.
Alle hinduar har ein favorittgud.
Når hinduane ber framfor alteret, kallar ein det puja.
Den som skal be, må vere rein.
Gudestatuane får mat og andre gåver.