Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (sjå under VEDLEGG)

Livssyn

Kva er eit livssyn?
Eit livssyn gir svar på kva eit godt liv er.
Humanisme er eit livssyn der det ikkje er nokon gud som bestemmer.

Humanisme

Menneske føler og tenkjer.
Menneska kan forstå og ta ansvar sjølve.
Dei treng ikkje heilage skrifter for å vite kva som er rett.
Livet er det viktigaste, og menneska må passe på naturen.
Menneska må lage nye reglar når samfunnet endrar seg.

Korleis veit vi kva som er bra?

Gjensidigprinsippet er viktig for humanistar.
Alle kan tenkje på korleis noko er godt eller vondt for ein sjølv.
Dersom ei handling fører til noko godt, så er ho god.
Det viktigaste for eit godt liv er skrive ned i Menneskerettane.