Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Stamfedrane

Abraham er stamfar for jødar, kristne og muslimar.
I Bibelen står det også om Isak og Jakob.
Forteljingane om stamfedrane er svært gamle.

Abraham

Abraham drog til landet Gud hadde lova han.
Han reiste frå stad til stad.
Mange menneske reiste i Abraham sitt følgje.
Abraham gifta seg med Sara og Hagar.
Menn kunne ha fleire koner.
Gud gjorde ein avtale med Abraham.
Gud lova å vere med han.
Abraham skulle omskjere alle menn og gutar.
Gud sa at Abraham skulle ofre Isak.
I siste augneblinken blei Abraham stoppa.
Gud ville teste Abraham.
Gud ville ikkje at Isak skulle døy.

Jakob

Isak var far til Esau og Jakob.
Isak velsigna Jakob.
Derfor skulle Jakob overta etter faren.
Jakob var vald av Gud.
Jakob hadde ein draum.
Gud snakka til han i draumen.
Jakob drog til Laban.
Hos Laban gifta han seg og fekk familie.
Jakob kjempa mot ein framand mann.
Mannen sa at Jakob skulle heite Israel.
Israel er namnet på både Jakob, etterkommarane hans og eit land i Midtausten.