Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Jesus i evangelia

I Det nye testamentet er det fire evangelium.
Evangelia er kalla opp etter Matteus, Markus, Lukas og Johannes.
Evangelia fortel om Jesus på litt ulikt vis.
Bibelen fortel ikkje så mykje om Jesus som barn.
Foreldra hans heitte Maria og Josef.                                                                                                         Dei reiste til Betlehem. Der blei Jesus fødd.

Jesus som vaksen

Jesus blei døypt av døyparen Johannes.
Sidan drog Jesus rundt og heldt talar.
Vend om, for Guds rike er nær, sa han.
Mange likte det Jesus sa.
Disiplane følgde han for å lære meir.

Jesus gjer under

Jesus gjorde under og mirakel.
Derfor sa mange at han hadde spesiell kontakt med Gud.
Jesus gav menneske kontakt med Gud.
Dei kristne meiner at Jesus kunne gjere under fordi han er Guds son.
Jesus gav menneska mat.
Han vil at menneska skal ha det godt.
På Jesu tid måtte mange blinde tigge.