Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane om du vil! (Sjå under Vedlegg.)

KVA ER ETIKK?

Etikk handlar om rett og gale

Vi menneske kan gjere både godt og vondt.
Etikken lærer oss om rett og gale.
Somme kallar etikk for moral.
Vi kan tenkje, og vi kan snakke saman om rett og gale.
Den gylne regelen er ein gammal regel.
Vi er samde om mange ting.
Vi er usamde også.
Sokrates frå Aten ville at folk skulle tenkje sjølv.

FN OG MENNESKERETTANE

Menneskerettar

Alle menneske er like verdifulle og har same rettar.
Dei som styrer i eit land, skal sikre alle innbyggjarane rettane deira.
FN skreiv ned rettane i Menneskerettserklæringa i 1948.
Rettane barn har, står i Barnekonvensjonen frå 1989.
Reglane i Barnekonvensjonen blir kalla artiklar.
10. desember er festdagen for menneskerettane.
Dersom nokon blir diskriminert, skal dei få hjelp.
Samane får hjelp til å ta vare på språket sitt.
Det å diskriminere nokon ut frå opphav og utsjånad, kallar vi rasisme.