Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Kristendommen i tidleg mellomalder


Mellomalderen

Mellomalderen varte fra år 500 til år 1500.
Då herska forskjellige kongar og keisarar i Europa.

Lekfolk, prestar og munkar

Kristendommen var viktig for alle.
Kyrkja fekk mykje makt.
Prestane heldt gudstenester.
Munkar og nonner budde i klostera.

Pave og keisar

Paven var kyrkja sin øvste sjef.
Han fekk kongar og riddarar til å dra på krosstog.
Krossfararane eroba Jerusalem.
Mot slutten av mellomalderen mista paven mykje makt.

 

Kristninga av Noreg

Noreg i mellomalderen

I mellomalderen snakka mange i Noreg norrønt.
Dei norrøne folka trudde på Odin, Tor og Frøya.

Kristendommen kjem til landet

Vikingane reiste til Europa og høyrde om kristendommen.
Dei første kongane ville kristne Noreg.

Olav den Heilage

Olav blei kristen i Europa.
Sidan blei han konge i Noreg.
Olav blei drepen i slaget på Stiklestad i 1030.
Ved grava hans skjedde mange mirakel.
Biskopen bestemte at Olav var ein helgen.
Olav sin død gjorde kristendommen populær.

 

Den første kristendommen i Noreg

Forteljingar knytte til kvar stad

Kristendommen var den same over heile landet.
Folk heldt fram å feire jul.
Mange meinte at helgenane kunne hjelpe menneske.

Heilage personar: helgenar

Helgenar er kristne heltar.
Paven bestemte kven som skulle bli helgen.
Kvar helgen hadde sin minnedag.

Heilage ting: relikviar

Delar av kroppen til ein helgen var heilage.
Dei hadde kraft frå Gud og verna folk.

Heilage stadar og pilegrimar

Den som besøkte ein heilag stad, kunne bli frisk.
Menneske som reiser til ei heilag stad, kallar vi pilegrimar.
På Olsok var Nidaros full av pilegrimar.

 

Munkar og nonner

Frans av Assisi og tiggarmunkane

Frans gav bort alt han eigde og blei munk.
Mange slutta seg til Frans.
Dei blei kalla fransiskanarar.
Paven bestemte at Frans var ein helgen.

Den heilage Birgitta

Birgitta ville starte eit kloster.
Klosterleiaren skulle vere kvinne.
Birgitta sitt kloster blei starta etter at ho var død.

 

Gjennom livet som kristen

Dåp

Somme kristne døyper barn, andre døyper berre vaksne.
Eit barn som blir døypt, får vatn på hovudet.
Etter dåpen er det fest for barnet.
Han eller ho som blir døypt, blir rein i dåpsvatnet.

Konfirmasjon

I konfirmasjonstida lærer dei kristne om Gud og Jesus.
Dei som ikkje er kristne, har konfirmasjon i rådhuset.

Ekteskapet

Mange kristne giftar seg i kyrkja.
Dei meiner at menneska skal leve saman.

Døden

Kristne trur på eit liv etter døden.
Ein prest leiar gravferda.
Kristne kan bli gravlagde eller kremerte.
Ein gravstein viser kvar grava er.