Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Pesach, jødisk påske

Israelittane blir fridde frå Egypt

Jødane feira påske lenge før dei kristne.
Dei feirar påske til minne om flukta frå Egypt.
Då viste Gud si omsorg for alle jødar.


Pesach og sedermåltidet

Gud sparte liva til israelittane sine gutebarn.
I pesach et jødane mat som minner dei om flukta frå Egypt.


Andre jødiske høgtider

Shavout, rosh hashana og jom kippur

Shavout er til minne om då Moses fekk Toraen.
Rosh hashana er jødisk nyttår.
Jom kippur er den mest alvorlege jødiske høgtida.


Sukkot, hanukka og purim

I sukkot et mange jødar i hytter av greiner og lauv.
I hanukka tenner jødane åtte lys.
I purim kler barna seg ut.

Holocaustdagen

Holocaustdagen er til minne om jødane som blei drepne under den andre verdskrigen.


Gjennom livet som jøde


Fødsel

Jødiske gutebarn blir omskorne når dei er åtte dagar gamle.
Såret gror fort.

Ungdomstida

Det er fest når jødiske gutar les i synagogen for første gong.
Dei fleste jødane feirar også jentene i ungdomstida.

Ekteskap

Det er viktig å gifte seg og få barn.

Gravferd

Jødane gravlegg helst dei døde innan 24 timar.