Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Gjennom livet som humanetikar


Seremoniar

Dei fleste vil markere når noko spesielt skjer i livet deira.
Human-Etisk Forbund har utvikla seremoniar med eit humanistisk livssyn.

Namnefest

Namnefesten feirar at eit barn er født og har fått namn.
Det nye barnet blir feira med musikk og talar.
Barnet kan også bli feira heime.
Barnet blir ikkje medlem av Human-Etisk Forbund.

Konfirmasjon

Konfirmasjonen markerer at eit barn er blitt stort nok til å bestemme mange ting sjølv.
Ungdommen må følgje eit kurs i etikk og livssyn.
Konfirmantane blir feira med ein høgtideleg ungdomsfest.

Vigsle

Ei humanistisk vigsle legg vekt på likeverd, respekt og toleranse.
Dei som giftar seg, seier ja til at dei vil leve saman.

Gravferd

I ei humanistisk gravferd minnest ein den døde.
Det er vanskeleg å finne rom som ikkje har religiøse symbol.
Det er mogleg å spreie aska etter ein som er død ut i naturen.