Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Kva er filosofi?

Filosofi er handling


Vi kan forstå betre

Filosofi handlar om å forstå korleis ting heng saman.
I filosofi er det viktig å stille spørsmål og finne svar.


Platon

Platon var ein filosof som levde for 2500 år sidan.
Han skreiv historier for å finne ut om verkelegheita.
For å vite noko må vi tenkje, seier Platon.
Å tenkje er hardt arbeid som tek tid.


Menneskerettar

Menneskerettserklæringa


Eit godt liv for alle

Menneskerettane blei vedtekne etter ein verdskrig.
FN blei stifta for at det aldri skulle bli ein så forferdeleg krig igjen.
10. desember 1948 bestemte FN kva som er alle menneske sine rettar.
FN si viktigaste oppgåve er å passe på at rettane skal gjelde for alle.


Samfunnet og familien

Rettane kan delast inn i to grupper.
Dei politiske rettane er eldst.
Artikkel 16 seier at familien er viktig, og at staten skal verne og hjelpe familiar.


Kva er ein familie?

Ulike familiar

Det finst familiar i alle samfunn.
I kjernefamilien bur mor, far og barn saman.
I ein storfamilie bur mange vaksne og barn saman.
Det finst mange slags familiar i Noreg.
I familien lærer vi å leve saman med andre menneske.
Det kan vere vanskeleg å leve i ein familie.