Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Kva er fattigdom?


To typar fattige

Det er vanskeleg å definere fattigdom.
Det er forskjellige måtar å vere fattig på.
Fattigdom handlar om å mangle noko.
I Noreg er somme fattige utan å mangle mat.
Politikarane bestemmer reglar for å avgjere kven som er fattige.
Han eller ho som berre har 1 dollar å leve for per dag, lever i nød.
I Noreg er ein familie som har mindre enn 230 000 kr per år, fattig.


Fridom frå krig og fattigdom


Krig mellom land og i same land

Det er krig mange stadar i verda.
Undertrykking gir også ufred.
Mange brukar våpen for å få makt.
Våpen blir også brukt for å oppnå fridom.
Krig fører til forferdelege lidingar.
Fattige land blir endå fattigare når det er krig der.
Viss vi skal ha verkeleg fred, må alle menneske ha det dei treng.

Korleis kan vi skape fred?