Korttekstar
Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)
Det er eit mangfald i Noreg
Vi er forskjellige
Folk lever på forskjellige måtar fordi dei har forskjellig bakgrunn.
Dei fleste i Noreg snakkar norsk og er kristne, men det finst mange andre grupper.
Samane er urfolk og ein minoritet i Noreg.
Det er fem nasjonale minoritetar i Noreg.
Det finst også mange nye minoritetar.
Vi lever saman
Det kan vere vanskeleg å leve saman når ein er forskjellige.
Men det er også bra at vi er forskjellige.
Det kan vere skummelt at vi er heilt forskjellige.
Alle menneske har like rettar og skal ikkje bli diskriminerte.
Toleranse er å ikkje diskriminere andre.
Vi må vere saman og bli kjende med kvarandre.
Rasisme og antirasisme
Kjenne og respektere
Mange blir mobba og har det vanskeleg fordi dei høyrer til ein minoritet.
Rasisme er brot på menneskerettane.
Både staten og kvar enkelt kan hindre rasisme.
Vi kan vere modige og seie ifrå når vi ser at nokon blir utsette for rasisme.
Vi kan alltid seie at rasisme er forbode.