Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Moses


Moses i Bibelen

Det står om Moses i Mosebøkene.
Mange jødar og kristne meiner at Moses levde for over 3000 år sidan.
Både jødedommen, kristendommen og islam har forteljingar om Moses.

Moses blir Israelsfolket sin leiar

Gud snakka til Moses gjennom ei brennande tornebusk.
Tornebuska viser at det er farleg å komme nær Gud.
Moses leia Israelsfolket ut av Egypt.

I ørkenen

Israelsfolket gjekk gjennom ein ørken i 40 år.
Dei tenkte ikkje alltid på Gud.
Men Bibelen fortel at Gud tenkte på dei.
På Sinaifjellet talte Gud til Moses.
Moses fekk dei ti boda av Gud.

De ti boda

I Mosebøkene er det mange bod.
Kristne meiner at dei ti boda er dei viktigaste.
Dei ti boda er viktige i jødedommen også.