Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Jesus feirar påske i Jerusalem

Frå Galilea til Jerusalem

Jesus vaks opp i Nasaret.
Han reiste rundt og snakka med folk om Gud.
Dei som følgde han, blei kalla disiplar.
Mange jødar feira pesach i Jerusalem.
Jesus reiste også dit.

Palmesøndag

Evangelia fortel om då Jesus kom til Jerusalem.
Mange ønskte Jesus velkommen.
Søndag før påske heiter palmesøndag.

Skjærtorsdag

Jesus og disiplane hans heldt påskemåltid.
Då delte han ut brød og vin.
Det skjedde på skjærtorsdag.

 

Jesus blir krossfesta og blir levande att

Langfredag

Jesus blei teken til fange.
Evangelia fortel at overpresten ville straffe Jesus.
Romarane ville drepe Jesus.
Pilatus bestemte at Jesus skulle krossfestast.
Langfredag er minnedagen for at Jesus blei fanga, krossfesta og gravlagd.
Dei kristne trur at Jesus døydde for menneska si skuld.


Påskemorgon

Evangelia fortel at Jesus stod opp frå grava.
Dei kristne trur at Gud er sterkare enn døden.
Mange kristne i dag trur at Jesus blei levande att.
Dei kristne feirar at Jesus blei levande att på 1. påskedag.


Den kristne påska

Påska

I påska feirar dei kristne alt nytt liv.
Kvar dag minner om noko spesielt frå forteljinga om Jesus i Jerusalem.
Dei kristne trur at han blei levande att på påskemorgon.


Feiring heime og i kyrkja

Påskepynten er symbol på nytt liv.
Påska sine fargar er gult og kvitt.
På påskeaftan et mange egg, marsipan og sjokolade.