Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Islam

 

Koranen

Koranen blei til ei bok ganske raskt.
Hadithene gjer det lettare å forstå Koranen.
Koranen er skriven på arabisk.
Kvart kapittel har eit namn.
Suraene kjem frå Mekka eller frå Medina.

Den første suraen heiter opningsbøna.
Det er ein ganske kort sure.
Opningsbøna er eit ønskje om å leve etter Guds vilje.
Einskapsvedkjenninga handlar om at Gud er éin.


Lover og reglar

Guds lov heiter sharia.
Sharia handlar om alle sider ved livet.
Muslimar skal ikkje vise seg nakne.
Mange muslimske kvinner går med skaut.
Sharia har reglar for kva muslimar skal ete.
Halal er mat som er tillate.
Svinekjøt og alkohol er forbode.


Islam i Noreg og i verda

Det er to hovudretningar i islam.
I sunniislam er hadithane viktige.
Ali og Hussein er viktige personar i sjiaislam.
Ashura er minnedagen for Hussein.

Mange norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan eller Bosnia.
Dei blir samla i ulike moskear.
Norske muslimar er forskjellige.