Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Hinduisme

Livets reglar: atterfødsel og frelse

Eit menneske som døyr, blir født om att.
Somme får eit dårlegare liv, andre får eit betre liv.
Menneska må gjere det som er rett.
Hinduar skal ikkje drepe.
Puja er ein veg til frelse.


Heilage tekstar

Veda er den eldste samlinga heilage tekstar.
Seinare kom mange andre gudeforteljingar til.
Bhagavadgita er ein viktig tekst for hinduar.
Han handlar om ein soldat som ikkje vil drepe.
Soldatar skal drepe, fortel Krishna.


Høgtider

Det er mange lokale festar i hinduismen.
Det er festar for dei fleste gudane.
Divali er ein fest for lyset.
Det er også ein nyttårsfest.
Holi er ein livleg fest.
Mange brenn bål.
Pongal er 14. januar.
Shivanatta er den natta Shiva gifta seg med Parvati.
Mange fastar i tempelet.


Hinduismen i Noreg og i verda

Det er mange måtar å vere hindu på.
Somme tilber Vishnu, andre Shiva.
India er hinduane sitt heilage land.
Det er annleis å leve i andre land.
Mange norske hinduar kjem frå Sri Lanka.
Somme hinduar er inspirerte av ein guru.