Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Livssyn

Humanisme

Humanistane har kjempa for at folk skal kunne tenkje sjølve og seie det dei meiner.
Humanismen er kritisk til religion.
På 1800-talet kjempa humanistane for demokratiet.
I Noreg har humanistane kjempa mot statskyrkja.

Darwin skreiv ei av dei viktigaste bøkene på 1800-talet.
Darwin forklarte korleis dyr og menneske hadde blitt til.
Mange meinte at Darwin angreip Bibelen.
I dag meiner dei fleste at Darwin hadde rett.


Livssynshumanismen i Noreg og i verda

Humanistane organiserte seg i foreiningar på 1900-talet.
I Noreg arbeidde dei for alternativ konfirmasjon og eit eige livssynsfag.
Humanistane arbeider mot undertrykking av minoritetar.
Human-Etisk Forbund er opptekne av menneskerettane.
Human-Etisk Forbund har ein organisasjon som arbeider i u-land.
HEF har vedteke eit eige manifest.