Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Kjønn og IKT

Like og ulike

Vi må velje korleis vi vil leve saman.
Arbeidsfordeling mellom kjønna er vanleg.
Kvinner gjer mest husarbeid.
Kvinner tener dårlegare enn menn.
Jenter blir hindra.
Etikk handlar om å gjere noko med det som er urettferdig.

Menneske blir tiltrekte av kvarandre.
Det finst reglar som seier korleis vi skal leve saman.
Seksualitet kan vere vanskeleg å snakke om.
Vi kan vere heterofile, homofile eller bifile.
Hetero betyr ulik, homo betyr lik, og bi betyr to.
Homofile kallar seg homser og lesber.
Vi må behandle andre med respekt.
Vi må ikkje berre tenkje på eigne kjensler.


IKT skapar moglegheiter

IKT gjer det mogleg å lagre og dele informasjon.
IKT gjer mange ting lettare og betre.
Det blir betre kontakt mellom myndigheitene og innbyggjarane.
IKT gir mange nye moglegheiter.
Det er lettare å uttrykkje meiningane sine.

IKT kan også føre til problem.
Vi kan gjere umoralske ting.
Vi kan drive med kriminalitet.
Det kan vere vanskeleg å vite kva som er sant.


IKT og etikk

Det er reglar for korleis vi bør oppføre oss på nettet.
Reglane hjelper oss med å bruke IKT på ein god måte.
Vi må tenkje på det vi gjer.
Vi må sjekke opplysningane vi finn.
Det er viktig å spørje om hjelp og seie frå når noko er ekkelt.