Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Etisk tenking

Kva bestemmer handlingane våre?

Alle meiner at noko er rett, og at noko er gale.
Vi kan vere usamde om kva som er rett og gale.
Vi har mange like reglar, men vi forklarar dei forskjellig.
Mange viser til eit menneskesyn.
Mange viser til menneskerettane.
Handlingar og etikk påverkar kvarandre.
Tru og livssyn gir tryggleik.


Aristoteles

Aristoteles var verdas første naturforskar.
Aristoteles var oppteken av etikk.
Lukke er både noko ytre og noko indre.
Vi blir gode gjennom å gjere gode handlingar.
Staten kan gjere innbyggjarane gode gjennom gode lover.
Vi må ikkje overdrive.
Vi må leve slik naturen har laga oss.
Naturen har gjort mennesket til eit sosialt vesen som kan tenkje.

Vi ser opp til eit førebilete.
Eit førebilete som lukkast, gir oss håp.