Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

David og Salomo

Før David hadde israelittane mange leiarar.
David samla dei i eitt rike.
Forfattarane av Det gamle testamente likte David.
David vaks opp som gjetar.
David vann over Goliat.
Sidan blei han konge.
David sigra over fiendane sine.
David forelska seg i Batseba.
Han sørgde for at mannen hennar blei drepen.

Salomo blei konge etter David                                                                                                               Han bygde eit tempel.                                                                                                                     Salomo var vis.


Profeten Jesaja

Profetane fortalde kva Gud sa.
Mange profetar var kritiske til kongen.
Profetane brukte vanskelege ord og bilete.
Jesaja var sint på israelittane.
Dei kristne meiner at Jesaja snakka om Jesus.
Jesus blei straffa for at menneska skulle ha fred.

Paulus

Vi kan lære om Paulus frå breva han skreiv.
Apostelgjerningane handlar også om Paulus.
Paulus hadde gått lenge på skule.
Han var motstandar av dei kristne.
Så møtte han Jesus i eit syn og blei ein kristen.
Tru på Jesus, sa Paulus.

Paulus reiste langt for å fortelje om Jesus.
Han starta kyrkjelydar der han kom.
På reisene skreiv han brev.
I Apostelgjerningane står det meir om reisene.