Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Kyrkjehistorie

Opprør mot kyrkja i seinmellomalderen

I mellomalderen fekk kyrkja mykje makt.
Det var det nokon som ikkje likte.
Wycliffe ville at folk skulle lese Bibelen sjølve.
Kyrkja utnyttar vanlege folk, sa Jan Hus.
Han heldt preiker på tsjekkisk.
Paven kasta Hus ut av kyrkja.
Han blei dømt til døden og brend.
Kyrkja i Tsjekkia gjekk med på forslaga til Hus.

På 1500-talet blei kyrkja delt.
Det kallar vi reformasjonen.
Martin Luther kritiserte paven.
Kyrkja kan ta feil, sa han.
Han omsette Bibelen til tysk så folk kunne sjekke det han sa.
Mange fyrstar støtta Luther.


Samisk religion

Samane hadde eigne skikkar og tradisjonar.
Dei fekk maten sin frå fiske, jakt og reindrift.
Naturen var full av makter.
Sarakka, Juksakka og Uksakka var nærmast menneska.
Radien var herskar over himmel og jord.
Sarakka var viktig for gravide kvinner.
Saivo-folket heldt til under jorda.

Samane ofra til maktene.
Noaiden hadde spesiell kontakt med maktene.
Han kunne reise i maktene si verd og ordne opp i problema til folk
Noaiden tromma på ei runebomme.


Overgangen til kristendommen

I Noreg blei kristendommen stor i mellomalderen.
Seinare begynte kristne å misjonere blant samane.
Thomas von Westen ville overtale samane til å bli kristne.
Samane måtte late barna sine bli døypte.
Seinare gjorde læstadianismen kristendommen populær.
Læstadianarane brukte samisk i gudstenesta.