Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

 

Kristen tru og etikk

Kristen tru

Dei kristne trur på Jesus.
Truvedkjenninga seier kva kristen tru er.
Kristne seier henne fram i gudstenesta.
Keisar Konstantin bad biskopane lage ei truvedkjenning.
Truvedkjenninga handlar om Gud, Jesus og Den heilage ande.
Kristne trur at desse tre er éin og same Gud.

Kristne trur at Gud har tenkt ut verda.
Dei trur at Gud har meir makt enn alle andre.
Dei kristne snakkar til Gud som far.
Somme meiner Gud kan vere mor.

Kristus betyr Messias.
Messias er ein frelsar.
Jesus var eit menneske.
Kristne trur også at han var Gud.
Jesus frelsar menneska, trur dei.
Den heilage ande hjelper dei kristne.
Dei trur på eit liv som skal vare evig.


Kristen etikk

Kristne følgjer ikkje reglane i Det gamle testamente.
Dei følgjer likevel Dei ti boda.
Det dobbelte kjærleiksbodet står i Det nye testamente.
Kristne skal tilbe Gud og ta vare på andre menneske.
Dei skal handle slik at menneske får det bra.
Gjer mot andre det som du vil dei skal gjere mot deg.
Somme meiner det finst spesielle reglar for kristne.


Etiske problem

Det er ikkje lov å drepe, meiner kristne.
I krig er det likevel lov.
Somme kristne meiner at soldatar heller ikkje skal drepe.

Menneska er skapte for å leve saman.
Mange kristne meiner det berre gjeld to menneske med ulikt kjønn.

Kristne vil ta vare på andre menneske.
Kristne organisasjonar hjelper fattige.
Somme kristne ønskjer å vere fattige sjølve.
Menneska kan bruke naturen.
Dei skal ikkje misbruke han.