Instruksjon til animasjonsarbeid

Til elev og lærar


Nokre tips på vegen:

Start med å lage ei skisse av det du vil vise først.
Mål bakgrunn (”golv og vegg”) på A-4 ark. Du må også gjere ferdig alt som skal vere fast (hus, tre, andre menneske, bilar, etc.).
No kan du begynne å lage plastelinafigurar. Du treng plastelina av god kvalitet. Brukar ein plastelina som er porøs, er det vanskeleg å få figuren til å halde forma. Det er lurt å lage eit skjelett av tynn metalltråd som du kler med plastelina. Då held figuren lettare fasongen.
Fest bakgrunnsbileta i ein stor L (med golv og vegg). Fest dei faste tinga til ”golvet” eller ”veggen”.
Ta bilete (5 til 10 stykker) med det digitale kameraet. Det er lurt å bruke stativ når ein tek bilete.
Legg bileta inn i mappa di - Mine bilete -.