Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre.

Buddha og sanninga om livet

 

Buddha sitt syn på døden

Buddha meinte at menneska lever fleire liv.
Somme får eit dårlegare liv, andre får eit betre liv.
Buddha fann ut korleis menneska skulle sleppe å leve fleire liv.

Dei fire edle sanningane

Livet gjer vondt, meinte Buddha.
Det gjer vondt fordi menneska er grådige.
Menneska må slutte å vere grådige.
Då vil dei bli lukkelege.

Vesak og vulan – to buddhistiske høgtider

Vesak er månaden Buddha sin fødselsdag blir feira.
Då er det fest med blomstrar, lys og buddhistiske flagg.
Vulan er ein fest for å hjelpe dei døde.


Buddhaer og bodhisattvaer

 

Bodhisattvaer

Ein bodhisattva er ein heilag person.
Himmelske bodhisattvaer har stor makt.

Buddhaer

Amitabha Buddha sitt land er veldig vakkert.
Det er lettare å bli ein buddha i Amitabha sitt land.

Mantra

Eit mantra er eit spesielt ord.
Buddhistar brukar mantraer når dei mediterer.


Gjennom livet som buddhist

 

Fødsel

Buddhistar feirar eit nyfødt barn på forskjellig vis.

Ungdom

Somme gutar bur i tempelet ei stund.

Ekteskap

Mange buddhistar blir velsigna i tempelet etter at dei har gifta seg.

Døden

Munkane hjelper den som skal døy til å vere roleg.