Korttekstar

Her finn du margtekstane frå læreboka. Alle kapitla kjem etter kvarandre. Du kan skrive ut tekstane viss du vil! (Sjå under Vedlegg.)

Jødedom

Heilage tekstar

Toraen og Mosebøkene er dei same tekstane.
Den jødiske Bibelen heiter Tanakh.
Talmud er den munnlege lova.
Talmud forklarar teksten i Toraen.
Den eldste delen av Talmud heiter Mishna.
Seinare blei fleire kommentarar lagde til.
Jødane si bønebok heiter Siddur.


Lover og reglar

Jødane sine bod står i Toraen.
Etereglane står i Toraen og Talmud.
Kjøt må vere slakta på ein bestemt måte.
Mjølk og kjøt skal ikkje kome i kontakt med kvarandre.


Jødedom i Noreg og i verda

Det er omtrent 14 millionar jødar i verda.
850 nordmenn er medlemmer av jødiske kyrkjelydar.
Somme jødar ser på Israel som heimlandet sitt.
Israel er også ordet for det jødiske folket.

Reformjødedommen er ei moderne retning i jødedommen.
Ortodoks jødedom er ei meir konservativ retning.
I Europa blei jødane dårleg behandla.
Alle jødar veit om nokon som mista livet i holocaust.